Categories
Nettbutikk news Webshop

Storm Weather Shanty Choir lanserar nettbutikk via Bandcamp

Read on for english. I dag har Storm Weather Shanty Choir tatt steget inn i Bandcamp-verda – ein marknadsplass og eit samfunn for musikk der millionar av musikkinteresserte oppdagar og støttar hundretusenvis av uavhengige artistar.

Categories
news

Konsertar 2020!

Kjære publikum. Me hadde sett fram til å feire jubileumskonsertar med dykk, men i desse tider kjem helsa først og me ser oss difor nøydde til å kansellere. Me håpar å setje opp nye konsertar når situasjonen tillet det. Dei som har kjøpt billettar vil om kort tid bli kontakta av Ticketco og få tilsendt […]

Categories
news

Septembertur

Hausten er her og Storm Weather Shanty Choir gler seg stort  til å besøka Trondheim, Florø og Haugesund dei nærmaste vekene, Bestill billett på konsertlista, så sjåast me brått!

Categories
news

Strålande Japanturne

Storm Weather Shanty Choir er heime igjen etter tolv flotte turnedagar i Japan. På seks konsertar har me spela for rundt 1700 menneske, spela utselt 17. maikonsert i regi av den norske ambassaden i Tokyo og gjort intervju med med eit stort musikktidskrift.  Dei japanske utgåvene av gruppa sine tre siste plater vart særs godt […]

Categories
news

Japan for tredje gong

Det er ei glede å melda at Storm Weather Shanty Choir er inviterte til å turnera i Japan for tredje gong. Mellom 11. -23. mai vil dei gjera fem konsertar og ein showcase. Då Storm Weather Shanty Choir spela på Folkelarm i 2008 var det ein representant for turnearrangøren Harmony Fields tilstades. Harmony Fields inviterer […]

Categories
news

Support for Gåte

Legendariske Gåte gjer comeback i vår, og Storm Weather Shanty Choir er stolte over å melda at dei varmar opp på sjølvaste USF Verftet i Bergen, torsdag 8. februar. Det er ikkje mange billettar igjen, så sikra deg først som sist!

Categories
news

Det minkar

Takk til alle som sørga for utsolgt hus og topp stemning i Bergen i går. No har me berre ein konsert igjen i 2017, vår årlege konsert på ARENA, Stord. Det minkar på billettene så hiv deg rundt!

Categories
news

SWSC & Mannskoret på Riksscenen!

Heilage Neptun! Gjer dykk klar til tidenes konsert når me slår oss saman med det legendariske Mannskoret, beståande av unge og gamle rockarar og kulturpersonlegdomar, på Riksscenen i Oslo, 6. oktober! Arrangøren Bakkjens Basar skriv følgjande: Storm Weather Shanty Choir 17 år etter oppstarten har dei seks sjøulkane frå Stord framleis god vind i segla […]

Categories
news

God sommar

Etter fantastiske helger på Trænafestivalen og Tysnesfest, er Storm Weather Shanty Choir i feriemodus eit par veker før det brakar laus i august igjen. Sjå opp for fleire spelejobbar utover hausten!

Categories
news

Trænafestivalen 2017

Storm Weather Shanty Choir er svært stolte over å kunne røpa at dei er stadfesta til Trænafestivalen 2017!  Trænafestivalen blir arrangert årleg på den vesle øya Træna, i havgapet utanfor Helgelandskysten. I 2012 blei Trænafestivalen kåra til årets festival av norske konsertarrangørar og festivalar og i 2015  havna den på topp 10 lista i The Guardian over dei […]

Categories
news

Ny LIVE-CD

I 2015 markerte Storm Weather Shanty Choir sitt 15-årsjubileum med ei rekke utselde konsertar i inn- og utland. Mange av konsertane vart lydfesta, og no er høgdepunkta samla på plate. Det seks mann sterke rockekoret frå Stord har bygd seg opp eit rykte som eitt av landets sterkaste liveband, og etter å ha høyrt plata […]

Categories
news

Fantastisk sjantihaust

Storm Weather Shanty Choir når stadig lenger ut i verda. Dei siste månadene har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg […]

Categories
news

Celeber gjest på Logen

Legenda Helge Jordal blir med oss på eit par nydelege låtar på Logen  Teater, torsdag 26. november. For ein kveld det skal bli! Kjøp billett på Narvesen/7-Eleven eller her: http://www.billettservice.no/event/storm-weather-shanty-choirlogen-billetter/475407

Categories
news

SWSC – 15 ÅR

Storm Weather Shanty Choir feirar femten år i 2015, og dette vil sjølvsagt bli markert på standsmessig vis i haust. Allereie 15. august kan dei opplevast på piratfestival i Bergen, og helga etter blir det tur til europas største sjantifestival Bie Daip i Appingedam (Nederland). Følg med for fleire kjekke oppdateringar!

Categories
news

Stilfull oppvarming på ARENA

Det er ei glede å røpa at den profesjonelle burleskartisten Miss Wolfy Woof-Woof kjem til Arena, Stord, for å gjera eit kort oppvarmingsshow for Storm Weather Shanty Choir fredag 19. og laurdag 20. desember. SWSC møtte Miss Wolfy Woof-Woof første gong backstage under Piratfestivalen som  Jarle Andhøy arrangerte i Stavern i 2013. Ho hadde då […]

Categories
news

Haustturne 2014

I haust gler Storm Weather Shanty Choir seg vilt til å besøka Danmark for første gong. Legendariske Lille Vega er staden, og dato, 26. november. I dagane som følger blir det konsertar i Bergen (Madam Felle), Oslo (Riksscenen) og på fagre Tysnes (Mandelhuset). Kom då vel!

Categories
news

Sjanti & rafting på Førdefestivalen 2014

Storm Weather Shanty Choir gjorde så stor lukke då dei besøkte Førdefestivalen i 2007 at dei blei inviterte tilbake til årets 25-årsjubileum! Og ikkje berre blei det stor utekonsert midt i Førde sentrum.  I forkant av konserten kunne ein også få med seg  familievenleg rafting ned Jølstra, saman med dei staute sjantigutane frå Stord. Sjekk […]

Categories
news

Sommaren 2014

Sommaren er som kjent festivaltid, og Storm Weather Shanty Choir blir i år blant anna å treffa i Jondal, Førde, Bergen og Øygarden. Følg med for snarlege oppdateringar!  

Categories
news

Til Skottland

Storm Weather Shanty Choir er invitert til Northern Streams Festival i Edinburgh, 25.-27. april. Her skal dei gjera konsertar og workshop. Festivalen er svært velrennomert, og folkemusikkprofilar som Sigrid Moldestad, Kim Andre Rysstad og medlemmer av dansegruppa Frikar har delteke tidlegare. Ein utsending frå Northern Streams oppdaga sjantikoret under Folkelarm 2008, ein festival som også […]

Categories
news

Hei i 2014

Eit nytt år er godt igang og Storm Weather Shanty Choir har allereie vore med på å feira Statsraad Lemkuhl sitt hundreårsjubileum i ærverdige Haakonshallen i Bergen. No står snart fleire konsertar for tur, og me gler oss stort! Dei kommande månadene kan fans i bl.a Oslo, Trondheim og Edinburgh venta seg besøk, og det […]

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir klare for dobbel Stordjul

For 13. året på rad inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på heimebane og sidan konserten 21. desember allereie er utseld, blir det ekstrakonsert, fredag 20. desember.  2013 har kort sagt vore eit nytt toppår for Storm Weather Shanty Choir. Fulle hus blant anna i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger, festivalsommar med strålande konsertar […]

Categories
news

God haust!

Storm Weather Shanty Choir gler seg stort til å koma i gang med haustsesongen 2013. I dei komande månadene vil  me blant anna besøke Rauland, Os, Stord, Tokyo, Sendai, Itami, Tajimi, Kesennuma, Øystese, Bergen og Haugesund.  Følg med på konsertlista for snarlege oppdateringar!

Categories
news

Ekstrakonsertar

Kveldskonserten 22. desember er no heilt utseld, men fortvil ikkje. Storm Weather Shanty Choir set opp to ekstrakonsertar: – Fredag 21. desember, kl 20, blir det akustisk intimkonsert i Den Blå time. Dørene opnar kl 19.30 og det blir berre selt hundre billettar, så det kan vera lurt å melda seg på via epost: kaldestad@hotmail.com. […]

Categories
news

Til topps på iTunes?

Storm Weather Shanty Choir si femte langspelplate, A Drop of Nelson’s Blood, var klar for digital nedlasting to dagar før bandet sjølv venta det. Men kva gjer vel det når mottakinga var såpass overstrøymande? I fleire dagar første veka låg den på 2. plass på iTunes. Sjekk  ut plata på Spotify  eller kjøp den, f.eks […]

Categories
news

A Drop of Nelson’s Blood

Første singel frå vårt femte album er no tilgjengeleg på  iTunes og Spotify!  Legendene fortel at drikken grogg fekk tilnamnet  “Nelson’s Blood” etter slaget ved Trafalgar i 1805, då Lord Nelson sin daude kropp blei oppbevart i ei tønne med rom. Steinar Alvestad har mala coverbiletet i ei blanding av blekk og rom.

Categories
From the Press

Ramsalt rotbløyte med ein dash sushi

Storm Weather Shanty Choir overtydde til dei grader då dei torsdag kveld gjekk på scenen under Vikedal Roots Music Festival, og viste at dei kan meir enn å drøyma om bøljan blå. Med kjende shantyar som «Cape Cod Girls», «Swansea Town» og sjølvsagt «What Shall We Do With the Drunken Sailor», stod stemninga høgt under […]

Categories
news

Festivalsommaren 2012

Storm Weather Shanty Choir er nærast i mål med innspelinga av si femte plate, og  ferske låtar står på repertoaret når dei den komande tida inntek  Vikedal Roots Music Festival, Etnemarknaden, Risør trebåtfestival, Fitjarfestivalen og sea-folk-song-festival (Sveits). Kom, kom!

Categories
news

Japanvideo

Konsertarrangøren Harmony Fields har laga ein video som oppsummerer Storm Weather Shanty Choir sin Japanturne i november 2011. Videoen skal brukast i pr-arbeidet fram mot ny turne hausten 2013. Ta ein kikk her!

Categories
news

Tilbake til Førde

Storm Weather Shanty Choir har gjesta Førde fleire gonger tidlegare, blant anna under Førdefestivalen 2007 der dei gjorde  ein uforgløymeleg utandørskonsert i slippen til Aker Yards. Fredag 11. mai er dei tilbake med heftig akustisk intimkonsert i Restaurant Hugleik på Rica Sunnfjord Hotel og Spa. Billett kan bestillast på TLF 57834000 (Konsert: 200,- / Konsert […]

Categories
news

Platearbeid

Storm Weather Shanty Choir vil halda ein låg profil og konsentrera seg fullt om innspelinga av si femte plate dei neste månadene. Festivaljobbar sommaren 2012 blir sleppte om kort tid.  Følg med!

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir i Berserk-dokumentar

Storm Weather Shanty Choir brukar denne veka til siste finpuss før sin årlege førjulskonsert på Arena, førstkomande laurdag. Som ein ekstra og uventa motivasjon har sjantikoret denne veka blitt kontakta av Berserk-skipper Jarle Andhøy, som viser seg å vera stor fan. Musikken til Storm Weather Shanty Choir blei i følge Andhøy mykje spela på det […]

Categories
news

Japan oppsummert

Storm Weather Shanty Choir er heime etter ti ubeskrivelege turnedagar i Japan. På sju konsertar har gjengen spela for nærare ti tusen menneske, spela støttekonsert for tsunamiråka ungdomsskuleelevar, headlina festival i Osaka, hatt showcase for viktige bransjefolk, spela for utselde hus i Tokyo, Himeji og Hiroshima, og fått oppslag med bilete i to av landets […]

Categories
news

Til Japan med plate og teikneserie!

9. november reiser Storm Weather Shanty Choir på tidagars turné til Japan. Turneen er blitt til etter at dei blei oppdaga av japanske bransjefolk under ein showcase på Folkelarm i 2009. Det er sjeldan kost at eit sjantikor blir importert til Japan, og koret kan i tillegg melde om at dei japanske arrangørane gjev ut den siste plata deira, Way […]

Categories
news

Miniturné

Om du er i Vinje, på Rjukan eller i Bergen, så kjem Storm Weather Shanty Choir snart til ein scene svært nær deg. Fredag 18. mars vil gjengen gjera ein eksklusiv akustisk konsert på Vinjar i Vinje, laurdag 19. mars spelar dei under VM i Telemark på Rjukan, og måndag 21. mars kan dei opplevast på den […]

Categories
news

Sjantikoret med ein vri

Storm Weather Shanty Choir vil starta 2011 med sin mest uvanlege konsert til dags dato. Dei har fått i ærefullt oppdrag av Øyo 2011 å tolka ein av sine absolutt største musikalske heltar;  songaren, låtskrivaren, skodespelaren og eksentrikaren Tom Waits. Gjennom fire tiår har mannen gjeve oss eit tjuetals plater, songar som spenner frå konvensjonelle […]

Categories
news

God nytt år!

Til alle som støtta oss i jubileumsåret 2010 – Me elskar dykk og ser fram til nye møte i året som kjem. 2011 teiknar til å bli eit  aldeles strålande sjantiår, med ny plate på gang, massevis av konsertar i Norge, turné i Japan++ Sjekk konsertlista vår for snarlege oppdateringar!    

Categories
news

Big in Japan?

2011 ser ut til å bli eit uvanleg godt år for rockekoret frå Stord. Dei er allereie hyra inn til fleire festivalar, blant anna VM i telemarkkøyring i Rjukan i mars,  ny plate kjem i mai, med påfølgande noregsturné, og i november er dei blitt booka til nidagars turné i Japan. Japanturnéen er direkte resultat […]

Categories
news

Slår på stortromma

Storm Weather Shanty Choir feirar tiårsjubileum i 2010, og kan sjå tilbake på eit fantastisk år med turné på aust- og vestkysten av USA, fleire festivalar i inn- og utland og herlege konsertar rundtom i heile Noregs land. Tiårsjubileet blir avslutta med vår årlege førjulskonsert på Arena, og me håpar at vårt gode publikum frå land […]

Categories
From the Press

…imagine Gogol Bordello singing sea shanties.  (bloggpost etter konsert på The Tractor (Seattle),  april 2010)

Categories
news

Sjanti på NRK1!

Storm Weather Shanty Choir var å både sjå og høyra i Førkveld, 29. september. Sjå opptak her.

Categories
news

Dokumentarmusikk

Storm Weather Shanty Choir sin USA-tur i april 2010 gjev stadig nye resultat. Låten Hieland Laddie frå rockekoret si hittil siste plate, Way Hey (and away we’ll go), blir no filmmusikk til ein historisk dokumentar om havna i Seattle. Dokumentaren vil bli lagt ut på nettsida Port of Seattle. 

Categories
news

Enormt digitalsal

Ein blir kanskje ikkje feit av det, men det er likevel stor stas å melda at Storm Weather Shanty Choir det siste året er lasta ned eller streama over 250.000 gonger over heile verda. Berre i Sverige har Drunken Sailor for eksempel blitt streama heile 30.000 gonger!

Categories
news

Feira Florø

Florø by feira 150 år 14. – 16. mai, og Storm Weather Shanty Choir gjorde sitt for at det skulle bli ei minnerik helg. Sjå bilete og reportasje frå Firdaposten her.

Categories
news

Strålande USA-tur

Storm Weather Shanty Choir er tilbake i heimelandet etter ein strålande USA-turné. Mellom femti og to hundre fans stilte på kvar av dei åtte konsertane i New York, Kennebunk, Boston og Seattle, og det var god stemning over heile fjøla. Nye kontaktar er knytte, festivaljobbar er sikra, og me gler oss allereie til å reisa tilbake!

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir på ny turné til USA

Mellom 6. og 15. april 2010 dreg sjømannsrockarane og bastardane i norsk folkemusikk på sin andre USA-turné i løpet av kort tid. New York City (NY), Boston (MA), Kennebunk (ME) og Seattle (WA) får besøk. Rockekoret frå Stord fyller ti år i 2010! Langvarig og målretta arbeid resulterer i eit stadig større publikum i inn- […]

Categories
news

Stor takk skal de ha …

…uti jamjamjam, alle gode folk som fylte Storm Weather Shanty Choir sin niande julekonsert til randa! Ei særleg takk til gjengen frå Oslo som kom med tog over fjellet for n’te gong, og ein trøystande tanke går ut til fansen på Utsira som sat vérfaste på festkvelden … Eit utruleg sjantiår går mot slutten, med tre […]

Categories
news

Makalaus opptur

Storm Weather Shanty Choir sin tredje noregsturné er over, og gutane vil nytta høvet til å takka alle dei (overraskande mange!) frammøtte for ein einaste lang og makalaus opptur. Me elskar dykk!  Plassane som fekk besøk i haust var: 11.11.09, Bergen, Madam Felle 12.11.09, Trondheim, Familien 13.11.09, Tromsø, Driv 14.11.09, Oslo, Herr Nilsen 19.11.09, Stavanger, Checkpoint […]

Categories
news

Thanks!

Stor takk går ut til til alle me møtte oss på vår strålande USA-turné 9. – 12. september. Dette var eit eventyr frå ende til annan! Thanks to all the lovely people we met at Parkside Lounge, Rockwood Music Hall, The Living Room, Duffys & The Wedding. We’ll be back soon!  

Categories
news

USA-turné

At MySpace ikkje er oppskrytt er det herved fleire enn Arctic Monkeys som kan skrive under på. 12. september 2009 er Storm Weather Shanty Choir inviterte til å spele i bryllup i Kennebunk, Maine, etter at det unge amerikanske brudeparet oppdaga musikken deira på MySpace og blei frelste. Sjantikoret frå Stord nyttar det gyldne høvet til […]

Categories
news

Der havsus møter populærmusikk

Storm Weather Shanty Choir blir å høyra på årets Periferifestival, 29. august. Ellers på programmet finn ein fine folk som Odd Nordstoga, Bigbang og Farmers Market. Les meir her.  

Categories
news

Blodfan med sjantitatovering

I dag er me stolte over å kunne presentera eit synleg bevis på at Storm Weather Shanty Choir har pådrege seg blodfans. Biletet viser nemleg den rykande ferske tatoveringa til Jasmin Mraz Johnsen. Skuteteikninga er henta frå sjantimann Haakon Vatle si soloplate, Den norske sjømann!

Categories
news

Turnégleder

Storm Weather Shanty Choir vil takke alle frammøtte for å ha gjort Way Hey-lanseringsturnéen til ei einaste lang glede!  Bergen, Haugesund, Stord, Narvik. Tromsø, Fredrikstad, Oslo (ekstra stor takk til “fantasigjengen”) Trondheim og Stavanger var heilt strålande, og no ser sjantigutane fram til sommar og festivaltid. Sjekk flotte bilde frå Driv. På YouTube finn ein […]

Categories
news

Ny plate ute

Way Hey (and away we’ll go)  vart sleppt i butikk og på nett mandag 27. april. Bergens Tidende, Bergensavisen og Telemarksavisa har allereie trilla femmarar på terningane, og femmar blei det også frå Geir Hovensjø i Østlendingen, Hamar Dagblad og Ringerikes Blad. Haugesunds Avis sin meldar meinar det har blitt ei “forseggjort og energisk vokalplate” og at det […]

Categories
news

Korar for Nordstoga

I 2004 var Storm Weather Shanty Choir med på Odd Nordstoga si store gjennombrotsplate, Luring, og når bror hans Aasmund no solodebuterer bidreg sjantikoret frå Stord med malmfull mannssong på Balladen om en munk og Gatefeiersang . Plata har fått masse finfine meldingar. Sjekk den ut her!

Categories
news

Bergenfest 2009

Way Hey (and away we’ll go) vil bli høgtidleg lansert under årets Bergenfest, torsdag 30. april i Bankettsalen på Hotel Norge. No kan kan du også bestille konsert og hotellpakke.  

Categories
news

Boney på iTunes

No kan ein laste ned Storm Weather Shanty Choir sin siste singel på iTunes! Boney blir også å finne på sjantikoret si fjerde plate, som er under innspeling i Sir Sound Studios på Stord i desse dagar. Bjørn Bunes (William Hut/Magnet/Morten Abel) er produsent.  

Categories
news

God jul

Årets to julekonsertar på Stord overgjekk alle mulige forventningar, og Storm Weather Shanty Choir tek no juleferie med god fred i hjartene. Men det blir ikkje langfri. Om få veker startar innspelinga av fjerdeplata, og sleppedato er sett til 30. april. Fleire festivalar har også allereie meldt interesse før neste sommarsesong. Følg med for snarlege oppdateringar! Stor, stor […]

Categories
From the Press

Ein kuling av eit kor

“Storm Weather Shanty Choir lovar album nummer fire neste år, og i ventetida vil me tilrå «Boney» på det varmaste. Tittelkuttet byr på frisk og maritim folkrock, utsøkt arrangement og kuling i dei vokale kasta.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen 12/12 2008.  Les heile meldinga her.

Categories
news

Ekstra familiekonsert

Tradisjonen tru inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på Arena (Stord) laurdag 20. desember. Mesteparten av billettane til kveldskonserten er allereie selde, og i år som i fjor kjem det delegasjonar eins ærend frå Bergen og Oslo for å få den med seg. På grunn av den store etterspurnaden, er det no ei glede å invitere […]

Categories
news

Årets høgdepunkt

Storm Weather Shanty Choir sin årvisse førjulskonsert vil gå av stabelen på ARENA (Stord) laurdag 20. desember. Ein trufast fangjeng frå Oslo har allereie lagt av billettar til høgtidsstunda, så her gjeld det å vera tidleg ute! (Kjøp billett på Bakeriet Frugård, tlf 53410534. OBS! Dei 200 første får singelen Boney  på kjøpet. Det blir ståplassar, men me […]

Categories
news

This week’s featured CD

Storm Weather Shanty Choir sin siste singel, Boney, er kåra til vekas plate på den amerikanske nettstaden Maritime Heritage Network. God vind for sjantikoret om dagen altså, og meir godt nytt er i vente!

Categories
news

Sjantikoret til filmen

Storm Weather Shanty Choir blir å høyra på to DVD’ar denne hausten. Først på Kong Vinter sin femte skifilm, Anagram, der ein finn Drunken Sailor på lydsporet. Filmen følger gratis med i novembernummeret av ekstremsportbladet Fri Flyt. Seinare i haust kjem den offisielle videoen frå The Tall Ships’ Races 2008. Her er Storm Weather Shanty Choir representert med fleire låtar!

Categories
news

Noregsturne med singelslepp

Mellom 10. og 17. november kjem Storm Weather Shanty Choir til ei scene nær deg, og i skipssekken har dei den rykande ferske singelen Boney! 10.nov: Hå – Teo-Teknikk (Forhåndssalg tlf 51434011)   11.nov: Kristiansand – Kick scene 12.nov: Rauland – Årestoga (akustisk) 13.nov: Bø – Grillen 14.nov: Tromsø – Kulturhuset 15.nov: Oslo – MS Innvik. (Forhåndsbestilling på epost: oslofolk@gmail.com […]

Categories
news

Sjantikoret over heile landet

Me er stolte over å kunne presentere ein ny milepæl i sjantikoret si historie.  Mellom 10. og 17. november 2008 vil gjengen koma til ei scene nær deg. Kryss av i almanakken!   The Hey Ho Norway Tour 2008!   10.nov: Håvegen v/Obrestad fyr -Teo-teknikk 11.nov: Kristiansand, KICK 12.nov: Rauland – Årestoga 13.nov: Bø – Grillen 14.nov: […]

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir til Folkelarm 2008

Storm Weather Shanty Choir er for andre gong plukka ut til den viktigaste happeningen i skandinavisk folkemusikk. Folkelarm skal ifølge programutvalet “vise det beste som foregår på et vidt definert folkemusikkfelt i Norge i dag.” Av 120 påmelde demoartistar vart kun 34 plukka ut til det offisielle programmet. Folkelarm går av stabelen i Oslo mellom 25. […]

Categories
From the Press

Allsang og “devil horns”

Om det var jungeltelegraf, eller iherdig programlesing som skyldtes folketilstrømningen vites ikke, men tyve minutter før Storm Weather Shanty Choir skulle på i båthavna, økte folketettheten….Pratesurr fikk en brå stans da Storm Weather satte i med alle stemmer i lydsjekken. – Bare vent, dåke ska jaggu meg få! Sa frontmann Håkon Vatle. Og det fikk […]

Categories
From the Press

Terningkast seks!

Storm Weather Shanty Choir hadde Haavebua-publikummet i si hule hand frå første låt fredag kveld. Det var allsang, latter og hæla i taket… Shanty-koret leverte ekte irsk folkemusikk med imponerande vokal. Terningkast seks! Firdaposten, 21. juni 2008.

Categories
news

Alt på iTunes

No kan ein endeleg laste ned Storm Weather Shanty Choir sin samla produksjon på iTunes! Singelen Drunken Sailor får framleis mykje speletid på NRK P1 og P2, og NRK Urørt har låten på si anbefaltliste. Dave Cloud-versjonen er inne i sin andre månad på Topp 40-lista til Radio 102 og vert også snart å høyre på Radio Haugaland.  

Categories
news

Sjantikoret på sommartokt

Storm Weather Shanty Choir har gjort stor lukke i Florø, Sveio og Kristiansand dei siste helgene. (sjå biletserie frå Haavebua på Firdaposten sine nettsider) Dei gler seg til å besøke Vindafjord og Tysnes om kort tid, og flusst av kjekke jobbar er i kjømda. Noregsturneen i november er snart ferdigbooka, og me kan røpe at dei blant anna vil […]

Categories
news

Sleppekonsertar og liveopptak

31. mai var sjantikoret i Bergen og lanserte singelen Drunken Sailor for elleville fans i bakgården på Jacobs. Laurdag 7. juni var det stinn brakke på heimebane på Arena, Stord. 8000 abonnentar hadde motteke singelen i avisa Sunnhordland dagen før, og det kunne ein høyra på allsongen! Heldigvis var det opptaksutstyr på plass, og deler av opptaka blir […]

Categories
From the Press

Minne for livet

“Konsertane med Storm Weather Shanty Choir gir nemleg garantert flassfri bakoversveis og eit minne for livet og opp.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen, 30. mai 2008.

Categories
news

Sjantisingel i 8000 eksemplar

Storm Weather Shanty Choir er lett inspirert av Paul McCartney, Prince og Coldplay når dei om kort tid slepp singelen Drunken Sailor i heile 8000 eksemplar gjennom avisa Sunnhordland ! Dette skjer fredag 6.juni, og så vidt me veit er dette første gong i Noreg at ein singel vert sleppt på denne måten. Låtane blir […]

Categories
news

Drunken Sailor som du aldri før har høyrt han

Storm Weather Shanty Choir sin nye singel er i trykken og vil vera i butikkane og på Itunes om få veker. Du kan allereie ta ein forhåndslytt her! Spor to på singelen blir ein eksklusiv remiks med vokalbidrag frå rockaren og kultartisten frå Nashville, Tennessee; Dave Cloud. Dette blir årets sumarhit frå Storm Weather Shanty […]

Categories
From the Press

Tok hovudstaden med storm

– Dette var fantastisk kjekt, skrålar sjantifantane etter å ha løfta taket på Soria Moria under by:Larm-festivalen i Oslo. Les heile artikkelen hos Sunnhordland.

Categories
From the Press

Allsangens mestere

…det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik. Einar «Engelen» Engelstad, Bergens Tidende. Les heile meldinga her!

Categories
news

Kultstjernemøte under Bergenfest 2008

Storm Weather Shanty Choir gjorde stor lukke på Bergenfest, laurdag 3. mai. Blant anna var dei med på direkte nettsending av P.I.L.S med Bård Ose og Finn Tokvam, og her blei det snikpremiere på singelen Drunken Sailor som kjem ut om få veker. Seinare var det konsert på Verftet USF framfor rundt 200 fans, og […]

Categories
news

SWSC stadfesta til fleire festivalar

Under Bergenfest 2008 spelar dei på den store finaledagen, laurdag 3. mai, på arrangementet Bergenfest Finale. Her opptrer også Dave Cloud, Acoustic Ladyland, Ungdomskulen, Kakkmadafakka, Mattias Tellez m.fl. På Vikedal Roots Music Festival spelar sjantifantane fredag 11. juli. Følg med på konsertlista for snarlege oppdateringar!

Categories
news

Hemmeleg storoppdrag

Laurdag 12. januar fekk sjantikoret delta i storteltet under opninga av Stavanger 2008. I tillegg til æra av å få vera med på framføringa avTir Na Noir under direktesendinga på NRK1, fekk koret spela to halvtimes sett med eige repertoar. Dei fekk også avslutta heile kvelden med What Shall We Do With The Drunken Sailor, […]

Categories
news

Sjantimann Håkon Vatle er ute med si første soloplate

Den Norske Sjømann inneheld både sarte, muntre og vindskeive tolkingar av sjømannssongar som han har samla opp gjennom åra. Kjøp plata i din lokale musikkforretning eller på nettet hos Platekompaniet eller Cdon!  Bergens Tidende. Les heile meldinga her.  Fredrikstad Blad

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir rocka Førdefestivalen 2007

  Laurdag 7. juli  heldt dei blant anna utseld konsert i dokken på Aker Yards saman med eit mannskor frå Marseille. Bergens Tidende skriv: “Og selv om det franske koret Cor de la Plana var populære med sin presise og elegante sang var det ‘piratene’ fra Stord som vant publikum”

Categories
news

Publikumsrekord!

Laurdag 30. juni spela sjantifantane for sitt største publikum nokonsinne. Nærare 5000 menneske var samla på kaien på Leirvik, under gratiskonserten. Takk til alle som var der for ei magisk stund.

Categories
news

Folkelarm 2006

SWSC var tekne ut til Folkelarm 2006 og dette viser at sjantikoret driv med folkemusikk i ordets rette forstand: tradisjonsmusikk med brei appell både blant unge og gamle, i både rocke- og tradisjonsmusikkmiljø. Også svenskane likte det dei såg på Folkelarm. ”Lugn var något som Storm Weather Shanty Choir inte förmedlade, och det var inte utan man kände […]

Categories
news

Fantasifestivalen

Sjantikoret var å treffa på Fantasifestivalen i Kristiansand, 25. august 2006. Her kan du lesa kva Fædrelandsvennen skreiv i forkant.

Categories
news

Pumpa te du dør!

Storm Weather Shanty Choir hadde æra av å varme opp for sjølvaste Kaizers Orchestra i Haugesund 9. juni. Du kan lesa om den fantastiske kvelden her.    

Categories
news

I godt selskap under Bergenfest 2006

Sjantikoret er i godt selskap når festivalgeneral Frank Nes oppsummerer høgdepunkta på Bergenfest 2006: “-Tangokonserten på Ole Bull Scene var sinnsykt bra. Det sammen med Daniel Lanois og konserten med Dave Cloud og Storm Weather Shanty Choir.”  BA, 2. mai 2006  “Motsetninger tiltrekker hverandre, heter det visst, det må være forklaringen. Hvordan ellers ender et […]

Categories
news

Elektroakustisk sjanti

Trade Winds av Natasha Barrett  vart urframført under ILIOS- festivalen i Harstad, 5. februar 2006.  Grunnen til at me nemner det er at verket inneheld ei bearbeiding av South Australia, framført av Storm Weather Shanty Choir.