Categories
From the Press

Tok hovudstaden med storm

– Dette var fantastisk kjekt, skrålar sjantifantane etter å ha løfta taket på Soria Moria under by:Larm-festivalen i Oslo. Les heile artikkelen hos Sunnhordland.

Categories
From the Press

Allsangens mestere

ikon-terning-5…det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik. Einar «Engelen» Engelstad, Bergens Tidende.

Les heile meldinga her!

Categories
news

Kultstjernemøte under Bergenfest 2008

Storm Weather Shanty Choir gjorde stor lukke på Bergenfest, laurdag 3. mai. Blant anna var dei med på direkte nettsending av P.I.L.S med Bård Ose og Finn Tokvam, og her blei det snikpremiere på singelen Drunken Sailor som kjem ut om få veker. Seinare var det konsert på Verftet USF framfor rundt 200 fans, og til slutt innspelingsøkt og gjesteopptreden med den legendariske kultartisten frå Nashville og festivalens definitive snakkis – Dave Cloud!

Les meir i Bergens Tidende og Bergensavisen.

Categories
news

SWSC stadfesta til fleire festivalar

swsc3
Under Bergenfest 2008 spelar dei på den store finaledagen, laurdag 3. mai, på arrangementet Bergenfest Finale. Her opptrer også Dave Cloud, Acoustic Ladyland, Ungdomskulen, Kakkmadafakka, Mattias Tellez m.fl. På Vikedal Roots Music Festival spelar sjantifantane fredag 11. juli.

Følg med på konsertlista for snarlege oppdateringar!

Categories
news

Hemmeleg storoppdrag

Laurdag 12. januar fekk sjantikoret delta i storteltet under opninga av Stavanger 2008. I tillegg til æra av å få vera med på framføringa avTir Na Noir under direktesendinga på NRK1, fekk koret spela to halvtimes sett med eige repertoar. Dei fekk også avslutta heile kvelden med What Shall We Do With The Drunken Sailor, i forrykande samspel med Katzenjammer. Her blei etterkvart alle kveldens artistar med og kora på scenen. Bl.a Frode Rønli, Pål Jackman, Gjertrud Økland, Sissel Kyrkjebø og Sigvart Dagsland. (Foto: Eilif Stene)

Categories
news

Sjantimann Håkon Vatle er ute med si første soloplate

Den Norske Sjømann inneheld både sarte, muntre og vindskeive tolkingar av sjømannssongar som han har samla opp gjennom åra. Kjøp plata i din lokale musikkforretning eller på nettet hos Platekompaniet eller Cdon!

 Bergens Tidende.
Les heile meldinga her.

 Fredrikstad Blad

Categories
news

Storm Weather Shanty Choir rocka Førdefestivalen 2007

 

Laurdag 7. juli 

heldt dei blant anna utseld konsert i dokken på Aker Yards saman med eit mannskor frå Marseille. Bergens Tidende skriv: “Og selv om det franske koret Cor de la Plana var populære med sin presise og elegante sang var det ‘piratene’ fra Stord som vant publikum”

Categories
news

Publikumsrekord!

Laurdag 30. juni spela sjantifantane for sitt største publikum nokonsinne. Nærare 5000 menneske var samla på kaien på Leirvik, under gratiskonserten. Takk til alle som var der for ei magisk stund.