Komande konsertar:

Sjå fleire datoar i konsertoversikten

USA-turné

At MySpace ikkje er oppskrytt er det herved fleire enn Arctic Monkeys som kan skrive under på. 12. september 2009 er Storm Weather Shanty Choir inviterte til å spele i bryllup i Kennebunk, Maine, etter at det unge amerikanske brudeparet oppdaga musikken deira på MySpace og blei frelste. Sjantikoret frå Stord nyttar det gyldne høvet til å dra over og gjere ei handfull opne konsertar i New York og Maine i forkant, bl.a. på indieklubbane The Living Room, Rockwood Music Hall og Parkside Lounge.

Turneén er støtta av Norsk Kulturråd!

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Presseklipp
  • Terningkast seks!
    Storm Weather Shanty Choir hadde Haavebua-publikummet i si hule hand frå første låt fredag kveld. Det var allsang, latter og hæla i taket… Shanty-koret leverte ekte irsk folkemusikk med imponerande vokal. Terningkast seks! Firdaposten, 21. juni 2008.
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra