Komande konsertar:

Sjå fleire datoar i konsertoversikten

Storm Weather Shanty Choir klare for dobbel Stordjul

For 13. året på rad inviterer Storm Weather Shanty Choir til julekonsert på heimebane og sidan konserten 21. desember allereie er utseld, blir det ekstrakonsert, fredag 20. desember.  2013 har kort sagt vore eit nytt toppår for Storm Weather Shanty Choir. Fulle hus blant anna i Bergen, Trondheim, Oslo og Stavanger, festivalsommar med strålande konsertar på Bergenfest, Piratfestivalen, Tysnesfest, Vossa Jazz og Jærnåttå, tidagars japanturne (der dei spelte sin andre utselde konsert i Tokyo).  No stundar det mot jul og eit av årets desiderte høgdepunkt for sjantikoret – førjulskonserten på Arena (Stord). Dette blir garantert tett, svett, magisk og dei har fleire overraskingar på lur!

OBS! Billettar til ekstrakonserten finn du hos Posten, Narvesen eller på Billettservice.no.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  1. roald

    Hei! Me kjem til Byscenen i Haugesund både andre juledag (bandet – den siste valsen) og 15. februar. Spre ordet!

  2. Alf Kr. Hansen

    Skulle ønsket at dokke tok fredagen I HAUGESUND

  3. Alf Kr. Hansen

    Skulle ønsket at dokke to fredagen I HAUGESUND

Presseklipp
  • Ramsalt rotbløyte med ein dash sushi
    Storm Weather Shanty Choir overtydde til dei grader då dei torsdag kveld gjekk på scenen under Vikedal Roots Music Festival, og viste at dei kan meir enn å drøyma om bøljan blå. Med kjende shantyar som «Cape Cod Girls», «Swansea Town» og sjølvsagt «What Shall We Do With the Drunken Sailor», stod stemninga høgt under […]
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra