Categories
news

Stilfull oppvarming på ARENA

wolfy9Det er ei glede å røpa at den profesjonelle burleskartisten Miss Wolfy Woof-Woof kjem til Arena, Stord, for å gjera eit kort oppvarmingsshow for Storm Weather Shanty Choir fredag 19. og laurdag 20. desember.

SWSC møtte Miss Wolfy Woof-Woof første gong backstage under Piratfestivalen som  Jarle Andhøy arrangerte i Stavern i 2013. Ho hadde då SWSC-t-skjorta på seg, og det viste seg at ho var storfan. Me inviterte ho sporenstreks til å bli med på konserten same kveld, noko som blei ein umiddelbar suksess, og eit samarbeid som sidan er følgt opp på fleire av våre konsertar i Oslo.

Burlesk kan forklarast som ein kombinasjon av satire og performancekunst. Ordet burlesque betyr eigentleg opp-ned, og sjangeren handlar ofte om å snu sosiale normer på hovudet. Miss Wolfy Woof-Woof hadde sin første opptreden under nybegynnarkonkurransen Black Moon Fun Fair, arrangert av Midnight Burlesque, noko som gav meirsmak og førte til opptredenar blant anna under Hurly Burly Halloween og to år på  Piratfestivalen. Ho kjem til Stord med eit show spesiallaga for SWSC-konserten. Stikkord for showet er “å segle sin eigen sjø» og  «Du er din eigen kaptein, og det er du som styrer skuta kor enn du måtte ønske”. Det er truleg første gong ein burleskartist opptrer på Stord, og ein kan sjå fram til eit friskt show som blant anna inneheld piratpapegøye, piratskip og mørk rom.

Storm Weather Shanty Choir lovar tidenes konsertar på heimebane neste helg, og minner om at det framleis er ledige billettar att til konserten fredag 19. desember. Laurdagskonserten har vore utseld i lang tid.

http://www.billettservice.no/event/storm-weather-shanty-choir-ekstrakonsert-billetter/441415

Leave a Reply

Your email address will not be published.