Komande konsertar:

Sjå fleire datoar i konsertoversikten

Big in Japan?

2011 ser ut til å bli eit uvanleg godt år for rockekoret frå Stord. Dei er allereie hyra inn til fleire festivalar, blant anna VM i telemarkkøyring i Rjukan i mars,  ny plate kjem i mai, med påfølgande noregsturné, og i november er dei blitt booka til nidagars turné i Japan. Japanturnéen er direkte resultat av ein showcase koret gjorde under Folkelarm 2008, der ein japansk festival- og turnéarrangør fekk fullstendig fot. Konsertar i Tokyo og Osaka er stadfesta. Dette blir ein ny og eksotisk milepæl for Storm Weather Shanty Choir, og viser nok ein gong at dei har noko unikt å by på i musikkverda. Storm Weather Shanty Choir feirar 10 år i 2010, og etter eit jubileumsår med fleire festivaljobbar, turné på aust- og vestkysten av USA og ei lang rekke enkeltkonsertar, blir året avslutta med tradisjonell førjulskonsert på Arena, laurdag 18/12. Billettane er allereie i ferd med å ryke ut.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Presseklipp
  • Minne for livet
    “Konsertane med Storm Weather Shanty Choir gir nemleg garantert flassfri bakoversveis og eit minne for livet og opp.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen, 30. mai 2008.
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra