Komande konsertar:

Sjå fleire datoar i konsertoversikten

Fantastisk sjantihaust

14095739_1151826698225139_562427225849443154_nStorm Weather Shanty Choir når stadig lenger ut i verda. Dei siste månadene har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg i Berlin, der dei toppa Berlin Shantyclash på Clash, ein av dei største og mest legendariske punkscenane i byen. Dagen etter headlina  dei eindagsfestivalen International Banjo Day, på The Old Queens Head i London.

Dei har også gjort  konsertar i dei største norske byane (bla. to utselde kveldar på Skuret i Trondheim og utselt hus på Herr Nilsen i Oslo) 6. desember står Bergen for tur,  før året blir oppsummert med førjulskonsert på heimebane, 17. desember. Følg med på konsertoversikta!

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

  1. Storm Weather

    Vi kommer til Trondheim i midten av september:)

  2. Petter

    Når blir det ny konsert i trondheim?

Presseklipp
  • Ein kuling av eit kor
    “Storm Weather Shanty Choir lovar album nummer fire neste år, og i ventetida vil me tilrå «Boney» på det varmaste. Tittelkuttet byr på frisk og maritim folkrock, utsøkt arrangement og kuling i dei vokale kasta.” Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen 12/12 2008.  Les heile meldinga her.
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra