Storm Weather Shanty Choir når stadig lenger ut i verda. Dei siste månadene har dei stått øvst på plakaten i Polen, Tyskland og England. Hausteventyret starta 26.-28. august, då dei var hovudattraksjon på Festiwal Piesni Zeglarskiej, utanfor Krakow i Polen, og spela for rundt 3000 menneske. Ein knapp månad seinare blei det tur til Kreuzberg i Berlin, der dei toppa Berlin Shantyclash på Clash, ein av dei største og mest legendariske punkscenane i byen. Dagen etter headlina dei eindagsfestivalen International Banjo Day, på The Old Queens Head i London.
Dei har også gjort konsertar i dei største norske byane (bla. to utselde kveldar på Skuret i Trondheim og utselt hus på Herr Nilsen i Oslo) 6. desember står Bergen for tur, før året blir oppsummert med førjulskonsert på heimebane, 17. desember. Følg med på konsertoversikta!
…imagine Gogol Bordello singing sea shanties. (bloggpost etter konsert på The Tractor (Seattle), april 2010)
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra
Storm Weather
Vi kommer til Trondheim i midten av september:)
Petter
Når blir det ny konsert i trondheim?