Categories
news

Big in Japan?

2011 ser ut til å bli eit uvanleg godt år for rockekoret frå Stord. Dei er allereie hyra inn til fleire festivalar, blant anna VM i telemarkkøyring i Rjukan i mars,  ny plate kjem i mai, med påfølgande noregsturné, og i november er dei blitt booka til nidagars turné i Japan. Japanturnéen er direkte resultat av ein showcase koret gjorde under Folkelarm 2008, der ein japansk festival- og turnéarrangør fekk fullstendig fot. Konsertar i Tokyo og Osaka er stadfesta. Dette blir ein ny og eksotisk milepæl for Storm Weather Shanty Choir, og viser nok ein gong at dei har noko unikt å by på i musikkverda. Storm Weather Shanty Choir feirar 10 år i 2010, og etter eit jubileumsår med fleire festivaljobbar, turné på aust- og vestkysten av USA og ei lang rekke enkeltkonsertar, blir året avslutta med tradisjonell førjulskonsert på Arena, laurdag 18/12. Billettane er allereie i ferd med å ryke ut.

Leave a Reply

Your email address will not be published.