Categories
news

Til Japan med plate og teikneserie!

9. november reiser Storm Weather Shanty Choir på tidagars turné til Japan. Turneen er blitt til etter at dei blei oppdaga av japanske bransjefolk under ein showcase på Folkelarm i 2009. Det er sjeldan kost at eit sjantikor blir importert til Japan, og koret kan i tillegg melde om at dei japanske arrangørane gjev ut den siste plata deira, Way Hey (and away we’ll go!) i japansk utgåve, og at det er blitt laga ein japansk teikneserie som skal illustrera korleis Storm Weather Shanty Choir blei danna.

Teikneserien viser korleis Haakon Vatle starta koret etter å ha vore på seglas med Statsraad Lehmkuhl, kom tilbake til Stord og samla ein gjeng langhåra rockarar. Etter kvart er koret blitt kjent som eit fargerikt innspel både i folkemusikkmiljøet og i meir rocka musikkretsar.  

Turneen startar i Myagi, ein av byane som vart hardast råka av tsunamien tidlegare i år. Under besøket til sjantikarane er det åtte månader sidan katastrofen, og dei skal spela på ei minnemarkering i byen.

Storm Weather Shanty Choir vil takka Utanriksdepartementet og Norsk kulturråd for uvurderleg støtte til denne turnéen.

 

Leave a Reply

Your email address will not be published.