Storm Weather Shanty Choir er tilbake i heimelandet etter ein strålande USA-turné. Mellom femti og to hundre fans stilte på kvar av dei åtte konsertane i New York, Kennebunk, Boston og Seattle, og det var god stemning over heile fjøla. Nye kontaktar er knytte, festivaljobbar er sikra, og me gler oss allereie til å reisa tilbake!
Storm Weather Shanty Choir hadde Haavebua-publikummet i si hule hand frå første låt fredag kveld. Det var allsang, latter og hæla i taket… Shanty-koret leverte ekte irsk folkemusikk med imponerande vokal. Terningkast seks! Firdaposten, 21. juni 2008.
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra