Komande konsertar:

Sjå fleire datoar i konsertoversikten

Koret

Storm Weather Shanty Choir vart starta i oktober 2000 av Håkon Vatle. Bakgrunnen for denne musikken har han frå seglskipet ”Statsraad Lehmkuhl”, der han har hatt hyre kvar sesong sidan 1997. Våren 2005 fullførte han også mastergrad på sjantiar ved Raulandsakademiet.

Sidan starten har koret gjeve ut tre cd’ar og drive stadig meir hektisk konsertverksemd. Blant høgdepunkta til no må nemnast: Bergenfest 2006, Festival Maritim i Bremen, Langesund Internasjonale Sjantifestival, Nordsjøfestivalen Sailors Wake, og Telemarkfestivalen, by:Larm 2005, innslag på Sommeråpent og Beat for Beat på NRK, samt utallige pubkveldar land og strand rundt. Me har heile tida fått særs gode tilbakemeldingar frå publikum og mykje av grunnen trur me er at me gjev dei noko folkeleg som dei sjølve kan vera med på. Me har det dessutan vanvittig moro i lag når me syng, og det smittar nok over på publikum. I tillegg synest me det er viktig å ta vare på ein tradisjons-/folkemusikk som for mange har gått i gløymeboka.

Namnet vårt er ikkje berre meint å skulle assosierast med eit kjent meteorologisk senter, det skal også skildra vår måte å synga på. Me syng som om det er ein ”tonal” storm du blir råka av, kraftfullt og med sjel, slik me trur mykje av songen blei gjennomført ombord på seglskutene i gamle dagar . Enkelte har omtalt våre tolkingar som “lyden av ur-sjantien”! Men sjølv om me ofte syng av all kraft, formidlar me også mange av sjøens melankolske frivaktsviser, med all den respekt me kan gje dei gamle sjøfolk.

Sjantikoret består av seks staute menn frå Stord (og Sveio) Ein svært samansatt gjeng som fortener ein kort presentasjon:

Håkon Vatle (forsongar)

haakonSeglskutesjømann med master i sjanti og lidenskapleg maritim interesse, gitarspelar, har hatt ulike roller i teater og musikal. Har vore på Bermuda!

Tallship sailor, shantyman with a masters degree in shanties, great passion for maritime history and culture, guitarplayer, has had different roles in musicals. Has been on Bermuda!

Ronny Sætre (baryton)

ronnyLærar, dykkar, gitarist, humorist og fingerdokkespelar.

Teacher, diver, guitarplayer, a master of finger doll acting.

Rune Nesse (bass)

rune Trommis og trommelærar.

Drummer & drum teacher with a great passion for death metal and brass band!

Vidar Vedå (bass)

vidarIngeniør, solbrillesamlar, fjellklatrar, visesongar og sterkt involvert i Bømlo Musikallaug

Engineer, collector of sunglasses, mountain climber, singer/songwriter, has played in various bands and had different roles in theatre and musicals.

Roald Kaldestad (lyrisk tenor)

roaldSmåbarnsfar, musikar og barnebokforfattar med hovudfag i kunsthistorie. Har vore førti minutt i frå Bermuda!! 

Has three small sons, guitarplayer of profession, childrens book author, with an honours degree in arts-history. Has been fourty minutes from Bermuda!! 

Gisle Østrem (lyrisk tenor)

gisleIt-ansvarleg i Stord Kommune, studioeigar, bassgitarist, taskenspelar og Beatlesfantast. Har bermudashorts.

Responsible for the ICT solutions for the municipality of Stord, “taskenplayer”, sound engineer, bassplayer, and  a huge Beatles fan

Presseklipp

Allsangens mestere

ikon-terning-5…det skal virkelig et godt rockeband til for å toppe et shantykor fra Leirvik. Einar «Engelen» Engelstad, Bergens Tidende.

Les heile meldinga her!

Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra