Komande konsertar:

  • 24.09.17 Storm Weather Shanty Choir in Sykkel-VM – lukka arrangement Bergen
  • 06.10.17 Storm Weather Shanty Choir in Riksscenen Oslo
  • 16.12.17 Storm Weather Shanty Choir in ARENA Stord
Sjå fleire datoar i konsertoversikten

Trænafestivalen 2017

Storm Weather Shanty Choir er svært stolte over å kunne røpa at dei er stadfesta til Trænafestivalen 2017!  Trænafestivalen blir arrangert årleg på den vesle øya Træna, i havgapet utanfor Helgelandskysten. I 2012 blei Trænafestivalen kåra til årets festival av norske konsertarrangørar og festivalar og i 2015  havna den på topp 10 lista i The Guardian over dei beste festivalane i Europa.

Skriv ein kommentar

Presseklipp

Ramsalt rotbløyte med ein dash sushi

Storm Weather Shanty Choir overtydde til dei grader då dei torsdag kveld gjekk på scenen under Vikedal Roots Music Festival, og viste at dei kan meir enn å drøyma om bøljan blå. Med kjende shantyar som «Cape Cod Girls», «Swansea Town» og sjølvsagt «What Shall We Do With the Drunken Sailor», stod stemninga høgt under teltduken. Det er tydeleg at gutane i StormWeather Shanty Choir kan kunstane sine – og veit kva dei skal gjera for å fengja tilhøyrarane sine. Dette er kunst på høgt plan. Lars-Toralf Storstrand, Karmsund Avis, 12. juli 2012

Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra