Categories
news

Japan oppsummert

Storm Weather Shanty Choir er heime etter ti ubeskrivelege turnedagar i Japan. På sju konsertar har gjengen spela for nærare ti tusen menneske, spela støttekonsert for tsunamiråka ungdomsskuleelevar, headlina festival i Osaka, hatt showcase for viktige bransjefolk, spela for utselde hus i Tokyo, Himeji og Hiroshima, og fått oppslag med bilete i to av landets største aviser, Yomiuri Shinbun og Mainichi Shinbun. Ifølge wikipedia er avisa Yomiuri Shinbun ikkje berre den største avisa i Japan, den har også verdas største, med dagleg papiropplag på over 11 000 000. Mainichi Shinbun er japans tredje største avis. Begge avisene la også oppslaget ut på nettsidene sine, og Storm Weather Shanty Choir kan dermed rekna med å ha nådd ut til langt over 20 millionar lesarar!

Den japanske utgåva av gruppa si fjerde plate Way Hey (and away we’ll go), vart lansert 11.11.11, og vart særs godt motteken, med fleire hundre selde plater i løpet av turneen, og kvar konsert vart avslutta med signeringsøkt med lange køar.

One reply on “Japan oppsummert”

Framifrå! Kan ikkje forstå at de e so øvegåvne over mottakelsen i Japan – de fortjener kvart minste klapp. Etter braksuksessen i Løa på Unneland, har nok ryktene nådd langt.
Pass godt på kvarandre og god tur vidare.
Helsing Annbjørg ( mor til Siren Sundland)

Leave a Reply

Your email address will not be published.