Categories
news

Storm Weather Shanty Choir på ny turné til USA

Mellom 6. og 15. april 2010 dreg sjømannsrockarane og bastardane i norsk folkemusikk på sin andre USA-turné i løpet av kort tid. New York City (NY), Boston (MA), Kennebunk (ME) og Seattle (WA) får besøk. Rockekoret frå Stord fyller ti år i 2010! Langvarig og målretta arbeid resulterer i eit stadig større publikum i inn- og utland. Status for Storm Weather Shanty Choir er fire kritikarroste plater og over 200 konsertar. Med sin unike sjanger og livepakke har dei opparbeidd seg eit breitt og stort publikum og kredibilitet både i rocke- og folkemusikkmiljø. 2009 var det mest innhaldsrike året i Storm Weather Shanty Choir si historie, med tre noregsturnéar og fleire festivaljobbar, men det absolutte høgdepunktet var miniturnéen  til USA i september 2009, med fleire jobbar på indiestader i New York og eventyrleg booking til eit bryllaup (!) i Maine. Tilbakemeldingane frå publikum og spelestadar var enormt positive;  New York har det meste, men ikkje eit rocka sjømannskor. Jobbane førte til at sjantikoret sporenstreks blei invitert tilbake, og dette er den direkte årsaka til årets utvida USA-turné. Storm Weather Shanty Choir er no invitert til å spela på bl.a. musikkbransjetreff i New York, “fundraising”-konsert i Boston, legendarisk rockevenue i Seattle, og avslutte med stor konsert på Nordic Heritage Museum.

10 years of piracy US tour!

7. april – Rockwood Music Hall, New York City, New York

8. april – Parkside Lounge, New York City, New York

9. april – Duffy’s Tavern, Kennebunk, Maine

10. april – Fundraising-konsert, Boston, Massachusetts

11. april – The Scandinavian Living Center, Boston, Massachusetts

13. april – New York – Tractor Tavern, Seattle, Washington

14. april – New York – Nordic Heritage Museum, Seattle, Washington

Leave a Reply

Your email address will not be published.