Storm Weather Shanty Choir sin årvisse førjulskonsert vil gå av stabelen på ARENA (Stord) laurdag 20. desember. Ein trufast fangjeng frå Oslo har allereie lagt av billettar til høgtidsstunda, så her gjeld det å vera tidleg ute! (Kjøp billett på Bakeriet Frugård, tlf 53410534. OBS! Dei 200 første får singelen Boney på kjøpet. Det blir ståplassar, men me tilbyr 50 eksklusive sitjeplassar til folk over 50!)
Storm Weather Shanty Choir hadde Haavebua-publikummet i si hule hand frå første låt fredag kveld. Det var allsang, latter og hæla i taket… Shanty-koret leverte ekte irsk folkemusikk med imponerande vokal. Terningkast seks! Firdaposten, 21. juni 2008.
Her kan du sjå kva avisene har skrive om oss de siste åra